Verdien av skuleungdom på Centro Sarepta

Eg har nett kome heim frå Centro Sarepta i Spania, og siste veka eg var der, hadde vi besøk av ein flokk elevar frå Jærtun, som er ein kristen skule på Bryne. Det var ei udelt positiv oppleving, som eg vil dela nokre tankar rundt. Rett nok er det ikkje nye tankar, men dei vart fornya og forsterka.

Eg trur det er av svært stor verdi for ungdomsskuleelevar å vera ei lita veke ved Centro Sarepta, og det av fleire grunnar. Det eine er det sosiale fellesskapet ein opplever på slike turar, og det å oppleva eit nytt land og ein ny kultur, men det er ikkje hovudsaka i denne samenhengen. Eg tenkjer i første rekkje på den åndelege påverknaden og dei åndelege erfaringane dei får, og som kristne skular bør leggja til rette for. På kjøpet fekk dei bada i senteret sitt oppvarma basseng!

Det var eit omfattande og gjennomtenkt program for elevane. Det var ferie og tur, men langt meir enn det. Etter frukost starta dei dagen saman med oss andre på senteret med andakt og bønn. Denne samlinga er slik at det byrjar med ein spansk song, så er det ein kort andakt som vert tolka til spansk og fri bønn på det språket ein vil, for å avslutta med Fader Vår eller velsigninga. Det spansk-norske er i seg sjølv ei god oppleving.

Dagen heldt fram med at dei var med på den første bibeltimen, og den veka hadde eg om Daniels bok, slik at dei fekk med seg om Daniel sin venner og eldomen, Daniel og løvehola og Daniel si bønn for seg og folket. Dei fylgde uvanleg godt med, og det var til stor inspirasjon å få ha desse timane. Dei fekk også med seg ein time frå Bergpreika og orientering om Sarepta og misjonsarbeidet i Spania. Dessutan hadde dei timar og opplegg for seg sjølve.

Etter lunsj var det tur, og i tillegg til å sjå og oppleva kjende plassar i området, fekk dei besøkja ei lita kristen forsamling i ein by vel ein times kjøring frå senteret, og dei fekk besøkja to diakonale tiltak som Centro Sarepta har eit samarbeid med. Så vidt eg forstod, gjorde dette sterkt inntrykk både på elevar og lærarar, slik at det vart teke med i morgonbønna.

Jærtun var ikkje åleine på senteret, men det var både ungdomar og eldre der. Eit pensjonistektepar frå Tromsø som er der i fem veker, opplevd det svært rikt og oppmuntrande å få vera saman med denne ungdomsflokken, særleg i samværet om Guds ord. Dei trudde ikkje dei hadde opplevd noko slikt på femti år! Ungdom som lyttar til Guds ord, er i seg sjølv oppbyggeleg å oppleva for eldre folk!

Eg trur eit besøk av denne typen også er av stor verdi for Centro Sarepta og Sarepta sitt arbeid i Spania. Det er sjølvsagt av verdi at dei legg att pengar for eit slikt opphald på ein kristen institusjon, framfor på eit vanleg hotell eller liknande. Det er også av stor verdi for Centro Sarepta å få invitera ein slik ungdomsflokk inn i eit åndeleg og sosialt fellesskap, og særleg å få formidla Guds ord til dei. Då er vi i kjernen av Sarepta sitt oppdrag.

Eg trur også det er av stor verdi for Sarepta sitt arbeid at dei har gode opplevingar og erfaringar knytt til eit slik opphald, slik at det vert naturleg å koma tilbake på leir eller på kortare og lengre opphald, kanskje også som elevar ved bibelskulen. Det er også av verdi at dei reiser heim og fortel til foreldra kva dei har opplevd. Det kan skapa forbønn og gjevarteneste, og føra til at dei også tek turen til Centro Sarepta.

Noko av det aller viktigaste er kanskje den gjensidige forbønna. Kvar morgon vart Jærtun omslutta av forbønn, og denne forbønna vart det «svart» på med bønn for senteret og Sarepta sitt arbeid i Spania. Alle venner av Sarepta har altså grunn til å takka for og gleda seg over denne typen besøk på Centro Sarepta – samt alt anna positivt som skjer på senteret ved dei som er der fast, dei som er der over fleire veker og dei som er på kortare besøk.

Johannes Kleppa

Skrevet av

Publisert på

Kategory

,

Se alle innlegg

Innlegg i andre kategorier

Se arrangementer kalender