Flott Sykkel-leir i 2023

Då er årets sykkel-leir gjennomført, og som tidligare år unntatt i fjor, fekk me godt og lagleg sykkelvær dei fleste dagane . Det vart på alle måtar ein flott leir, både når det gjaldt vær og natur. Det skada heller ikkje med nokre innlagte pausar for pizza, is og cola. Turane var på frå ca 55 km og opp mot 120 km.

Me sykla blant anna til Guadalest, Sella, La Vila Joiosa, Tarbena og Dennia.

Ikkje alle var strengt tatt i like god sykkelform, men dei øvrige syklistane lokka og tok omsyn, slik at alle kunne henga med. Det vart berre tre deltakarar på leiren, men det er ei tredobling frå i fjor, så me satsar på minst tilsvarande auke til neste år!

Det er flott med sykkelturar, men det viktigaste er alltid Guds ord. Denne veka gjekk Johannes Kleppa gjennom Daniels bok både på bibeltimane på føremiddagane og på kveldsmøta. Her var mykje aktuelt stoff både med tanke på samfunnet og på det personlege planet.

Vil du vera med på neste sykkel-leir? Då må du melda deg på!

Som i år vert sykkel-leiren arrangert veke 11, det vil seia frå 11. til 17. mars 2024.

Skrevet av

Publisert på

Se alle innlegg

Innlegg i andre kategorier

Se arrangementer kalender