Centro Sarepta stengt til 15. mars 2021, men misjonsarbeidet i Spania held fram!

Styret i Misjon Sarepta ønskjer ei offensiv haldning når det gjeld misjonsarbeidet. Det gjeld også i desse coronatidene, særleg i Spania. Vi vil difor driva utadretta misjonsarbeid, sjølv om vi må halda Centro Sarepta stengt.

Dette betyr at vår spanske evangelist, Filipe Lobo, held fram i hundre prosent stilling. Det gjeld også for Andreas Norbye, som tek til som leiar utland frå 1. august. Han reiser straks til Spania. Eirikur Melberg, som er driftsleiar på senteret, vil også i stor grad vera i arbeid. Han vil framover delta i det utadretta arbeidet samstundes om han ivaretek senteret.

Centro Sarepta vil halda stengt til 15.mars 2021, men i denne perioden vil ein altså satsa ekstra på oppsøkande arbeid ved å ha møte rundt omkring, ha kontakt med forsamlingar og enkeltpersonar, og ein vil driva undervisning digitalt på spansk. Det siste hadde vi god erfaring med i vår. Det kan også vera at ein kan gå inn i nokre diakonale oppgåver. Korleis det som her er nemnt, konkret vert gjort, vil visa seg etter kvart. I stor grad er det som vegen som vert til medan ein går. Coronapandemien gjer at ting stadig endrar seg.

I den perioden senteret er stengt, vil vi arbeida særleg med tilrettelegging av marknadsføring av senteret, slik at vi kan få fullt trykk på drifta når vi opnar att, som vi tek sikte på skjer i januar. Arild Melberg, som er dagleg leiar for senteret, vil delvis vera permittert, men han vil ha ein viss stilling for å ta seg av marknadsføring og fylgja opp andre forhold. Vi vil også prøva å få gjort noko praktisk arbeid ved senteret i løpet av hausten, om smittevernreglane tillet det. Det gjeld særleg skifting av dører og lydisolering av romma.

Den situasjonen som vi er i på grunn av corona og smittevern, betyr at vi har ein god del utgifter i Spania til lønn og til faste utgifter ved senteret, men vi har ingen inntekter der. Det gjer at alt må finansierast frå Noreg, men det er jo normalt ved misjonsarbeid. Dette inneber like fullt at arbeidet i Noreg og Norden er viktig, både med tanke forkynning her og med tanke på arbeidet i Spania og dei kontaktane vi har til Nord-Afrika og til Sør-Amerika.

I Noreg vil arbeidet verta styrka ved at Hans Bergane går over i ei ny stilling som leiar Norden, medan Ole Andreas Meling overtek som dagleg leiar frå 1. august. I tillegg vil Jan-Tore Olsen verka i Norden framover. På denne måten vil arbeidet auka vesentleg ved eigne tilsette, og det vil gjera det mogleg å få fleire til å delta på ulønna basis eller som innleigde forkynnarar til enkelte møte, bibelhelger og møteveker. Dessutan er Kristian Fagerli tilsett i Sarepta, og han tek til i arbeidet frå nyttår.

Misjonsarbeid kallar alltid på førbønn og gjevarteneste. For Sarepta sin del gjeld dette i ekstra grad no ved utviding av arbeidet i Norden og ved dei utfordringane som coronasituasjonen skaper. Det er eit særleg kall no med tanke på det utadretta arbeidet i Spania og situasjonen for Centro Sarepta.

Takk til alle som står med i misjonsarbeidet. Herrens signing!

Styreleder

Johannes Kleppa